Utklipp Frå Sunnmørsposten

 

Wenche Foss opnar Dragseidspelet

 
Teaterdivaen Wenche Foss er invitert til Stadlandet for å kaste glans over Dragseidspelet «På Sverdeggja» laurdag 29. mai.
 

 
Skrevet av: Randi H. Longva (fredag, 07.mai 2004 09:05)

 
- Vi håper at Wenche Foss med si tiltrekningskraft kan freiste mange folk til å kome hit for å sjå Dragseidspelet, seier Margit Fløde, leiar for Stadlandet Ungdomslag. Fløde og rundt 150 aktørar har lagt ned ein kjempeinnsats for å kunne invitere til framsyning av det historiske spelet «På Sverdeggja» 29. og 30. mai. Eit spel som sidan 1997 har gått av stabelen på Dragseidet i Selje kommune, med vakre Stadlandet som kulisser.
Wenche Foss er trass i ein alder av 86 år stadig på farta. Om Foss har høve til å bli heile helga på Dragseidet, er difor enno uvisst, i følgje Fløde. Men håpet er at teaterdivaen tek seg tid til å oppleve stykket som aktørane har lagt ned så mykje arbeid i.
- De har ikkje skreve inn ei gjesterolle til Foss, då?
- Nei, det har vi ikkje gjort. I alle fall ikkje ei talerolle. Men kanskje ho kunne ha vore med blant statiststaben? Å få Wenche Foss som statist, det hadde vore stor stas, seier Fløde med ein latter. Og legg til at å få Foss på besøk er veldig inspirerande for alle dei involverte.
Friluftsspelet «På Sverdeggja» tek utgangspunkt i kong Olav Tryggvason sitt møte med dei lokale bondehøvdingane i nordvest. Vi får òg presentert den dramatiske soga om Ragnvald frå Ervik og familien hans. Scena er eit vikingtun, like ved den store steinkrossen som vart reist til minne om Olav Tryggvason si kristningsferd.
Spelet er blitt vist kvart år sidan 1997, med unntak av i fjor. I følgje Fløde var det sunt for arrangøren og alle aktørane å ha eit kvileår, sidan det er eit krevjande stykke å setje opp. Dei har i tillegg eit stramt økonomisk budsjett å halde seg til, som så mange andre historiske spel.
- Vi har knapt hatt overskot desse åra, sjølv om vi har hatt ein nøktern pengebruk og satsa på amatørar som jobbar gratis. Vi burde kanskje ha trekt inn profesjonelle skodespelarar for å lokke til oss meir publikum, men det er òg eit økonomisk spørsmål. Vi har trass alt klart oss bra samanlikna med andre spel som slit med økonomien, seier Fløde. Med håp om at førehandstinga finevêr og ein strålande teaterdiva skal trekkje endå fleire folk i år.