STADLANDET UNGDOMSLAG

 
Stadlandet Ungdomslag vart stifta 25. oktober 1947 med Jonas J. K. Leganger som lagets første formann. Tanken om eit ungdomslag vart fødd i skyttarlaget. I ”Sekretærbok for Stadlandet Skjytterlags Byggefond” kan vi lese følgjande i eit styremøtereferat frå -39:
Sak 3: Skiping av eit ungdomslag under ” Firda og Norgegs Ungdomslag”. Det lenge påtenkte arbeidet med å starte eit frilynt ungdomslag tenkjast i dag å ta sin begjyndelse. Det vart framlagt og umsnakket alt det som kunde hatt av skeid og lærerike foredrag, vist vi hadde hatt eit ungdomslag.
 
Så kom krigen, -og vi vart einige om at det burde vere inntil vidare.vi vilde ikkje starte noko lag i tider som desse.
Tanken om eit forsamlingslokale – eit ungdomshus – heldt seg levande, og arrangement til inntekt for eit slikt var mange. Ikkje alltid gjekk det like ”reint” føre seg på festane då heller: Sitat frå møteboka:- Den uro som vart halde på denne festen det kan vere uskreve, for skulde det skrivast alt det som gjekk fyre seg so vilde heile bokja bli forlita. ( og dette var ei samkome med skodespel, åresal og loddtaking, auksjon, opplesing og mat – og ikkje dans).
”Det påtenkte ungdomslaget hadde vore i god stand no hadde ikkje den siste festen vore som han var ”, uttalte Jonas J.K. Leganger noko seinare.
Då freden på nytt hadde senka seg over landet, kom saka fram i dagslyset att. Det meste av grunnlagsarbeidet var gjort, og vegen var kort fram til skipinga i -47.
 
I høve 30-årsjubiléet fekk laget si første fane,måla av Sverre Myklebust (bilde av fana kjem etterkvart).
Bygdapoeten Jenny Bjørlykke beskriv fana slik:
 
Fana har eit slikt talande motiv. På eine sida Den nakne verslitne Statthalvøya utan liv.
Der naturkreftene uhemma kan herje på hav og land.
Men sjå! Hand i hand på høgste Kjerringtoppen
med spenst i kroppen
står desse to pene ungdommane
med sine andletsdrag so åpne, ljose og milde,
sprunge ut frå ein kilde
av ljos livstru og gode anlegg.
 
Stadlandet Ungdomslag har vore og er eit aktivt lag. I perioden 1992 – 2004 fekk SUL fylkeslaget sin aktivitetspris heile fem gongar.
Teater har vore laget sin hovudaktivitet, der det historiske friluftsspelet ”På Sverdeggja” toppar (sjå eigen omtale)
 
LEIKARRINGANE
Laget har to barnegrupper og ei vaksengruppe. Om lag 25 born i alderen 5-12 år er med, medan vaksengruppa for tida berre har 10 aktive.
Instruktør for borna er Margit Fløde medan Dagrunn Molvik, Syvde og Margit deler på å leie dei vaksne.
Borna hadde eit svært aktivt år i 2005. Forutan å vere med på barnestemne i Olden, var dei på besøk på sjukeheim og eldretun, hadde elles oppvisning i Korsen og på Grendahuset. Dei hadde også besøk av barneleikarringen frå Fiskå, som ein gjenvisitt etter at Stadt var der året før.

    Til startsida