DRAGSEIDSPELET ”PÅ SVERDEGGJA” 2006

 

PÅ SVERDEGGJA 2004 var ein ny suksess –topp kvalitet og publikumsrekord (sidan -97) med ca 900 betalande.

Wenche Foss stod for opninga begge dagane med ein framifrå velskriven prolog –skriven av Rolf Losnegård. Ho sette ein veldig fin ”tone” til arrangementet, og var utvilsamt eit trekkplaster. –Og så det fine veret -!

 

Vi håpar vergudane syner godsida si også kommande pinse –to år seinare!

 

Dragseidespelet ”På Sverdeggja” 3.-4. juni 2006 – i pinsa

 

Oppsetjinga av spelet denne gongen baud på ei ny og krevjande utfordring: å rekruttere nye aktørar til hovudrollane. Etter at ”hovudstaben” hadde vore stabil sidan starten i -97, var det fleire som meinte at det no var på tide å bli utskifta. Å finne ny Ragnvald, konge, stallar og biskop vart ei vanskeleg nøtt å knekke, men til første samling 25. mars, var personane på plass.

-Og – vi trur vi har fått gode erstattarar, både i desse og andre rollar.

 

SUL bestemte tidleg i vinter at vi no skulle ha inn ein profesjonell skodespelar. Mange har lenge hevda at det ville vere ein styrke for spelet. No når fleire rollar vart ledige, baud høvet seg. Valet fall på Roger Hilleren, og han skal overta hovudrolla ”Ragnvald” etter Oddvar Stave. Hilleren kjem frå Oslo, men han har den siste tida vore ved SOFT, der han nettopp har avslutta turné med ’”Billy Bryant´s kafé” Elles har han bl.a. vore med i Hotell Cæsar, Syv Søstre, Pelle Politibil, Kinnaspelet—ein allsidig person.

 

Den nye kongen heiter Paul Jacob Helgesen –seljeværing, no busett i Bergen. Ein utflytta stadværing, Magne Lundebrekke, fører bisbpestaven og ervikaren Magnar Barmen er den nye stallaren, kongens livvakt. Ungjenta Astrid vert no spelt av seljejenta Toril Rundereim. Desse endringane til tross, dei aller fleste av ”gamlestaben” er på plass.

 

NY INSTRUKTØR

Etter at Dagfred Berstad no takka nei til å vere instruktør for spelet lenger, var vi så heldige å få Rolf Losnegård, som også har skrive stykket, til å ta denne jobben. Dermed kan det bli litt forandringar ”her og der”, men Losnegård uttrykkjer stor respekt for det arbeidet Dagfred har gjort.

 

SCENEKAMP

”Folket som samla seg til tings på Dragseidet var godt væpna –både kongens folk og tingmennene. Alle var budde til strid.”

For at desse kampscenene skulle bli endå meir realistiske, sjå ekte ut, men samstundes vere i trygge kontrollerte former, vart det denne gongen leigd inn ein profesjonell scenekampinstruktør. Amerikanaren Jeff Pedersen lærte bort tricks og leia tingmenn og hird trygt gjennom eit ”hav av” klingande stål, og drilla inn kampscener som folk berre kan sjå fram til med spenning.

 

Som arrangør, håpar vi at desse nye elementa vil verke fornyande og forbetrande og ha ein positiv effekt på aktørar så vel som publikum.

 

 

KONSENTRERT ØVING

Etter ei samling med orienteringar og manusgjennomgang 25. mars, var det ei hektisk øvingsperiode helga 21.- 23. april. Ei liknande øvingshelg for alle vert det 26.- 28. mai. Vidare den veka fram til generalprøve 2. juni vert det gruppeøvingar og øving med flest muleg, mest muleg.

Instruktøren kjem til å leggje stor vinn på å få eit godt spel, spesielt sidan det er hans eige verk.

 

OPNING

I 2004 var det Wenche Foss som sto for den formelle opninga .

 Dragseidspelet ”På Sverdeggja” 2006 vert opna av Mari Maurstad –ein skodespelar av klasse med røter frå Bryggja. Ho gler seg til oppgåva og å få oppleve litt av det vi har å by på ”her ute”.

 

ANDRE ARRANGEMENT

Søndag vert det tradisjonen tru friluftsgudsteneste ved Steinkrossen like ved speleplassen. Dette skjer umiddelbart etter spelet er slutt ved at både aktørar og publikum går samla ned til den store steinkrossen reist til minne om nettopp den hendinga ”På Sverdeggja” omhandlar.

 

Laurdag 3. juni (pinseaftan) kl. 20. vert det konsert i Leikanger kyrkje med organist Jon Inge Sigerland og fleire.

 

Kjerringa Husflidslag har begge dagane utstilling i Stadlandet Grendahus. Tema er ”Gamle broderi”, og utstillinga er open mellom 12 og 18.

 

 

SERVERING

Det vert matsal både frå kiosk på fjellet og i Stadlandet Grendahus. I Grendahuset vert det også middagsservering. Vi gjentek suksessen frå sist med Alettas kjøtsuppe laurdag (brennsnut) og røkt svinekam søndag.

 

TILKOMST – TRAFIKK

Det vert ikkje høve til å køyre heilt opp med privatbilar. For dei som ikkje ønskjer å gå den gamle kyrkjevegen (sti frå kyrkja) eller langs hovudvegen, vert det busstransport opp (skulen –bensinstasjonen –Korsen)

 

SOUVENIRAR

Også denne gongen har vi fått laga ein pin med motiv frå spelet. Ei komplett samling vil derfor no bestå av 8 ulike pin-motiv. I tillegg har vi sal av prospektkort med plakatbildet som motiv.