Stadlandet Ungdomslag vart stifta 25. oktober 1947.  Det har vore og er eit aktivt lag.

DRAGSEIDSPELET "PÅ SVERDEGGJA" VERT FRAMFØRT 1. OG 2. JUNI 2013

                                            Førebuingane er i gong!

 

                                                "BLANDA DROPS"

                                                Dette blir lystig underhaldning av og med lokale aktørar.

                                                    Stadlandet Grendahus laurdag 17. november kl. 20.00

                                 Førehandssal av billettar på Bunnpris og Stadt Servicesenter. Billettpris kr 150/ 75

 

                                        KULTURNATT 9. NOVEMBER

                                                                                Konsert i Stadlandet Grendahus

SUL presenterer eit innslag frå kommande "bygdakveld" som ein smakebit på det som kjem 17. november. SUL er også ansvarleg for kiosk/matsal --som denne gongen blir hamburger og vaflar.

 

                                              

 

                                              "DET ORDNAR SEG NOK" 

                                                                            BYGDAKVELDEN 12. NOVEMBER 2011

 

          

                                 

         Stadlandet Ungdomslag samla fullt hus igjen då dei arrangerte bygdakveld med samansett underhaldning av   

          lokale krefter. Rykande ferskt lokalaktuelt stoff presentert med saftig humor, løyste lattermusklande i eit fullsett  

         Grendahus laurdagskvelden! Ungdomslaget beviste det igjen: sjølgjort er velgjort!

 

 

 

 

 

      

 

                     DRAGSEIDSPELET "PÅ SVERDEGGJA" 2011

                 Dragseidspelet 2011 skal framførast i pinsa, nærare bestemt 11. og 12. juni. Dragseidspelet har no fått si eiga heimeside:

                                                      www.dragseidspelet.no

 

 

 

 JULETREFEST 2010

Torsdag 30. desember, 6. juledag, arrangerte Stadlandet UL si tradisjonelle juletrefest; dvs årets fest var eit samarbeidsprosjekt med Filadelfia.

Tanken bak var at det var bedre å samle bygda til eit større arr. enn å kjempe mot kvarandre med kvar sitt.

Resultatet vart veldig bra og vi er innstilte på å la dette bli ein vane. Den fint pynta salen i grendahuset vart fylt opp av julestemte store og små -- og programmet var omfattande, variert og godt.

Guro Nilsen og Sara Dalsbø leia festen på ein fortreffeleg måte.

                         

 

 

 

 5-ÅRS-JUBILEUM FOR "BLIKKEN"

Sommaren 2005 kom modulane av bungalowen frå Mongstad siglande inn fjorden......i desember same året vart ungdomslokalet som seinare fekk namnet "Blikken", høgtidleg opna med snorklipp av ordføraren.

Etter dette har huset vore ein myklje nytta tilhaldsstad for tenåringane på fredagskveldane.

Blikkenstyret bestemte seg for å markere at hsuet har vore i drift i 5 år, og la opp til konsert, ope hus og lotteri.

Av plasshensyn vart denne konserten med dato nær opptil opningsdato - 4. desember -,lagt til grendahuset.

Omlag 400 personar var tilstades og fekk presentert eit program av tidlegare, noverande og komande Blikkarar samt gjestar.

Her vart duoen Johann og Kristoffer lansert som Stadlandet sitt nyaste band -- og frå Eid kom ei gruppe unge akrobatar: Infailable.

Elles medverka Marius Kongsvoll, Ole Simen Nilsen, Maria Helgesen akk av Niclas -- og barneleikarringen.

 

Søndagen etter hadde vi ope hus på eit førjulspynta Blikken. Vi baud på gratis gløgg og pepparkake, men altfor få tok turen for å sjå korleis ungdommane har det der.

Loddsalet som føregjekk på konserten og nokre økter på butikken, gav ei inntekt på ca 4500 kr. Gevinstane var sponsa av lokale butikkar.

 

 

 

 

 

 

 

 "DYRA I HAKKEBAKKESKOGEN"     

 Stor suksess i Stadlandet Ungdomslag  med to fulle hus i Stadlandet grendahus 30. og 31. oktober.

Foto over: Siri Kolset

 

 

 Laurdag 30. kl. 20 og søndag 31. oktober kl. 16 var det på nytt framsyning av Dyra i Hakkebakkeskogen i Stadlandet Grendahus.    12 år etter forrige oppsetting, og 18 år etter første framføring, var framleis mange av dei opprinnelege skodespelarane  med i dei same rollane.

 Sjå annonse og plakatar og anna omtale

Vi har teke med nokre bilde frå øvingane. Her er også eit bilde frå då stykket vart sett opp første gong i 1992.       

      

 

 

 

 

 

  STOR SUKSESS MED STAPPFULLT GRENDAHUS PÅ BYGDAKVELDEN 1. MAI                                               1. mai arrangerte ungdsomslaget bygdakveld i Stadlandet Grendahus ...med underhaldning, servering og dans : sjå PLAKATEN

                                                                                   SJÅ BILDE FRÅ REVYEN                    Litt omtale

 

 

 

     STADLANDET UL FEKK AKTIVITETSPRISEN 2009

 

På årsmøtet i SOFUL (Sogn og Fjordane Ungdomslag)  14. mars fekk Stadlandet Ungdomslag aktivitetsprisen for det mest aktive laget i fylket i 2009 . Det er sjuande gongen laget vårt mottek denne prisen! På bildet får leiaren i SUL, Margit Fløde, overrekt prisen av leiar i SOFUL, Anders Gjerland .                

 

 

                     UKM 2010 I STADLANDET GRENDAHUS

        

Stadlandet Ungdomslag arrangerte UKM saman med Selje kommune i februar . 35 deltakarar underheldt ein fullsatt sal i grendahuset --- med mykje song og musikk frå scena og utstillingar på veggane.(FOTO:SUNNMØRSPOSTEN)

   

Grendahuset har fått eigne websider. 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------                  GODT SPEL I GODT VER PÅ DRAGSEIDET I PINSA 2009

 
 Omlag 1200 tilskodarar fekk oppleve "På Sverdeggja" i fornya utgåve laurdag og søndag

 Sol frå skyfri himmel var med på å legge ramma kring årets framsyning av Dragseidspelet i pinsa.

Dei 1200 tilskodarane fordelte seg nokså jamt på dei to dagane...med ei lita overvekt på søndagen.

Tilbakemeldingar frå publikum gjev uttrykk for stor begeistring for det som vart framført i dei vakre

omgjevnadane på fjellet.

 Ein stor innsats frå aktørar i ulike roller både på og utanfor scena gjorde dette store tiltaket muleg også i år!

 

Mikkel Gaup i rolla som Gunnar Raud .....her saman med rollefiguren Astrid spela av Torill Rundereim

Foto: Magne Bye        

                 

                     Frå årets plakat:    Design/foto:  Lasse Fløde

        

 

 

 

 

 

 

 

 

                             

 
        Leiar i Stadlandet Ungdomslag, Margit Fløde ønskte velkommen, og ordførar Gunn R. V. Helgesen opna årets "På Sverdeggja"

                                                                Foto av Magne Bye, Irene Fløde og Bård Fløde

     

      

        Speleplassen  i vikingtunet på Dragseidet fotografert tidleg på våren i påvente av årets "På Sverdeggja"             Foto: Bård Fløde/Lasse Fløde