STADLANDET UL 2008


 

Årsmøte 2007

vart halde 12. februar. 11 personar møtte.

Ei omfattande årsmelding vart framlagt. Reknskapen synte eit overskot på 25000 kr, pengar som kjem vel med under forarbeidet til neste Dragseidspel i mai 2009. Elles vedtak på å kjøpe 1-2 myggar.

Valet representerte ingen store overraskelsar. Svært vanskeleg å finne folk som vil gjere ein frivilleg innsats.

Oversikt styre og nemnder i SUL 2008

Sjå eige ark

UKM

Laurdag 9. februar vart UKM Selje arrangert i Stadlandet Grendahus. SUL er årleg medhjelpar til kulturansvarleg i kommunen, og har hovudansvar for billettar, lodd- og matsal, vidare tilordning og rydding.

Det var stor deltaking, ca 60 unge frå ulike delar av kommunen. Ordførar og konferansier gav i eigen takketale stor ros til arrangørane for godt planlagt og gjennomført arrangement, og for at vi tek mot og behandlar dei unge på ein verdig måte. 17 personar med ulike typar innslag gjekk vidare til fylkes-UKM i Førde 5. april.

TEATER

”Flammedanserinnen” flamma oppatt i februar. Etter litt gjenoppfrisking av reprikkar og ”spell”, var gjengen klar for nye framsyningar. Skotårsaftan, 29. februar, fekk heimepublikummet ein ny sjanse, noko dei sette stor pris på. Om lag 200 personar såg reprisen, av desse mange som berre måtte sjå stykket ein gong til!

Laurdag 1. mars var det ”turné” til Syvde. Eit svært begeistra publikum også der, ca 125 selde billettar.

Med dette var nok ”Flammedanserinnen” sin glansperiode over. Dei 12 aktørane og resten av staben har lagt ned ein formidabel innsats over lang tid som har resultert i at SUL sitt rykte som dyktig teateramatør held seg oppe. Vidare har billettinntektene og tilskot frå FOLK og frifond gjeve ein netto til laget på vel 50000 kr.

DANSEKURS

Dette skreiv vi om dansekurset i mars:

Vi har engasjert Therese Aglen, Bergen til å komme hit 19. og 20. april og undervise i ulike dansetypar innan standard og latin. Tango, samba og cha-cha er mest aktuelt, evt. Andre om tid og interesse. Kurset er for vaksne, dvs. frå og med 8. klasse, og er tenkt gå over to dagar med til saman 7-8 timar. Pris 250,- --rabattar for medlemmar. Laurdag er det tengt kurs for born (4.-7. klasse) ca 3 timar. Påmeldingsfrist er 6.april.

Dansekurset som vart tillyst i april (sjå over), er utsett til hausten grunna for lite påmelding. Fleire interesserte ga uttrykk for at det var ei betre tid å arrangere slikt når det haustast. derfor i prøver vi igjen i sept.-okt. etter avtale med instruktør Therese Aglen frå Bergen. Du kan gjerne melde di interesse no førut og så tek vi kontakt når det blir aktuelt med kurs!

 

GÅVE TIL SUL --LOKAL DIKTING

Borghild leikanger har i mange år sysla med litt diktskriving --om kvardagslege hendingar og hyllest til lokalmiljøet og naturen her. No har ho fått hjelp til å samle ein del av dikta i eit lite hefte"Tankar i diktform"--med små illustrasjonar. Borghild ønska at ungdomslaget skulle få eit eksemplar, noko vi er veldig glade for. Her gjengir vi eitt av dikta hennar:

 

AKTIVITETSPRISEN 2007 -- AKTIVITETSPRISEN FOR 6. GONG!!!

Då styret i SOFUL (fylkeslaget) var samla i forkant av årsmøtet 13. april, kunne dei ikkje gå forbi den omfattande aktivitetsoversikta som fylgde årsmeldinga til Stadlandet Ungdomslag. For 6. gong fekk SUL aktivitetsprisen, dvs kåra tl fylketslagets mest aktive lag. Tidlegare prisår er 1993, 1994, 1995, 1997 og 2004. I tillegg til heder og ære, følgjer diplom og 2000 kr.