Stadlandet Ungdomslag trakk full sal i grendahuset laurdag 1. mai

 

Stadlandet Ungdomslag har fleire gongar hatt suksess med bygdakveldane sine, og arrangementet 1. mai var ikkje noko unntak i so måte. Like før førestillinga skulle ta til, måtte det berast inn fleire stolar i salen for å gje sitjeplass til dei mange skulelystne.

 

Svein Ervik i eit av innslaga som skikkeleg fekk publikum til å opne latterdørene …….der han framførte ei svært lokal vermelding på ein svært engasjerande måte!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Botnpris Spelemannslag krydra nok ein bygdakveld med frodige innslag frå den lokale butikken på Leikong. Her ligg butikksjefen Fredrik Borgund ”punktert” på scenekanten!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Marita Bødal hadde fleire fine innslag der ho sjarmerte publikum både med si vakre stemme og fin sceneopptreden.