STADLANDET UNGDOMSLAG 2007

Årsmøtet 2006 vart halde i Stadlandet Grendahus 12. februar. 16 personar møtte. Rekneskapet (2006) synte eit underskot, mest pga Dragseidspelet som gjekk ut i minus.

Medlemskontingenten for born vart auka til 150 kr medan den står uendra for vaksne, dvs 250 klr. elles kom det fram tre ønskje frå møtedeltakarane: 1: ungdomsteater  2: innkjøp av myggar (forbetra lyd frå scena) 3:endre "formann" til "leiar".

Valnemnda hadde ein vanskeleg jobb med å finne folk til å stille i styre og nemnder. Sjå eigen oversikt over dette.

 

UKM: Stadlandet UL er årleg medarrangør til kommunens arrangement. vi har ansvar for billettsal, mat- og loddsal, vidare tilordning og rydding. Stadlandet Grendahus er fast tilhaldstad for arrangementet. Eit stort publikum (omlag 150) fekk sjå og høyre bidrag frå omlag 50 ungdommar, fordelt på song, musikk, utstilling og video.

SWINGKURS: Etter oppmoding frå bl.a. barne- og ungdomsrådet i kommunen, arrangerte vi swingkurs laurdag 14. april. Kurset vart halde på skulen og varte i ca 5 timar. Instruktør var Jon Arve Trandal og Eli Eide Aarevik  frå Selje. kurspris kr. 150, 100 kr for medlemmar i SUL. 20 personar deltok.

KURS I SELSKAPSDANSAR: tango, cha-cha, samba osv.: planla å ha dette kurset også om våren , men instruktør Terese Aglen frå Bergen vart forhindra. Vi ønskjer fortsatt å avholde kurset, men førebels er det utsett på ubestemt tid.

SUL engasjert seg i to ulike samfunnsoppgåver. Den eine var "Aksjon bevaring av Leikanger kyrkje" der vi var blant initiativtakarane til ein innsamlingsaksjon for å skaffe pengar til skifting av treverk og maling på delar av kyrkja --eit prosjekt som har gjeve synlege resultat!

Pasientvenneforening eller besøksteneste var tema på eit møte mellom ulike lag etter initiativ frå eldrerådet. SULs representant på møtet føreslo at vi skulle gå inn for Røde Kors sin modell for kursing og opplegg for besøksteneste for einslege i heim og institusjon. Saka oppe på styremøte i SUL, og vi ga positiv tilbakemelding til initiativtakarane. Ingenting vidare har skjedd i saka!